Bjarte
@bjarte.bsky.social
650 followers 950 following 4.9K posts
Språk-, spel- og spritfyr. Ambivalent fotballfyr. Meir street dumb enn book smart. Sur og grei. Han/'an. a government drone or an alien spaceship
Posts Media Videos Starter Packs
Pinned
bjarte.bsky.social
Til alle mine med-siddisar: YNNSKYLL, eg veit ikkje kva som kom over meg, men gjort er gjort

Eg tog min nysvidde gitar i hende
Sallan så fjåge på Ullandhaugs topp
Tenkte på Froddi og kor an va henne
Varmte ein HHOSPV opp
Kjende på freden og åbna ein pils
Og greib te gitaren med grælige skills
bjarte.bsky.social
Ein velotov, seier du?
bjarte.bsky.social
Ferdig med fire dagar med leilegheitsprepping, DÅ er det på tide å vera ein
CHIEN
ANDALUCIA
og ikkje minst ein
DEBASER
bjarte.bsky.social
Når du prøver å seia "apropos nytt", men gløymer at s-en i 'apropos' er stum, seier du "apropos snytt"
bjarte.bsky.social
Viss ein berre generelt vil til ein bokhandel i London, så skal det vel i utgangspunktet litt til at Foyles ikkje dekkar behovet.
bjarte.bsky.social
*glir så elegant over i "fekk berre éitt TG2-avvik som kan krevje tiltak"-dansen*
bjarte.bsky.social
*dansar "har mottatt tilstandsrapport frå takstmann og fekk ingen TG3"-dansen*
bjarte.bsky.social
Det med elveblesten hugsar ikkje eg heller, men eg hugsar at Myhre fekk indirekte frispark imot seg inni 16-meteren mot Spania fordi han heldt ballen i meir enn 6 sekund, som vel er ein av dei to gongane i verdshistoria den regelen han blitt handheva.
bjarte.bsky.social
Skulle akkurat til å skriva dette. Gruppespel, kvart, semi, finale i EM. Legg på 1/8-finale i VM. Det er mitt optimale oppsett, fordi det gir litt, men ikkje for mykje, rom for underdogs.
bjarte.bsky.social
Men kor er mitt kjære Zambia, mitt afrikanske favorittlag sidan eg hadde presentasjon om dei i tredje klasse, like etter at heile laget døydde i ei flyulukke.
bjarte.bsky.social
Kan for så vidt sjå den, sjølv om eg ikkje kjenner nokon bismak sjølv. Endringa er vel òg minimal når det gjeld UEFA sin kvalik. Men ja, det blir nok ein solid nivåforskjell på laga i sluttspelet.
bjarte.bsky.social
Ah, ikkje sant! Kjenner at her blir det ein indre kamp mellom Bjarte som alltid heiar på underdogen og Bjarte som synst VM-nålauget har blitt vel romsleg.
bjarte.bsky.social
Nå hugsar eg ikkje formatet på den afrikanske kvaliken før, men det er kanskje rimelege sjansar for at dei hadde kvalla sjølv om det berre var 32? Utan at det endrar poenget ditt, så klart, som eg er heilt einig i.
Reposted by Bjarte
jensphylander.bsky.social
Jag får andnöd av att läsa om det öde som drabbar människor på grund av den hjärtlöst grymma migrationspolitiken. Personer som byggt hela liv här tvingas bort, barnfamiljer som bor i skogar i månader, människor som riskerar liv i desperat jakt på en framtid. Det behöver inte vara så här.
Undersköterskan Aliim fick lämna fast jobb och bostadsrätt – flyr på nytt
Tvårummaren i Nydala byttes mot tält och sovsäck.
www.sydsvenskan.se
Reposted by Bjarte
nkalamb.bsky.social
Front page of Scottish newspaper The National today.
How Genocide Happened
bjarte.bsky.social
Ja, det funkar vel!
bjarte.bsky.social
Eg synst folk av og til kan vera i overkant kjenslege for anglisismar, men ja, einig i at dette er ein slik. Kunne ein ikkje berre sagt "opnar for" her?
bjarte.bsky.social
For øvrig er The Meadowlands framleis ei feiande flott plate.
bjarte.bsky.social
Då eg ikkje fekk sova i natt, oppdaga eg at det fjerde The Wrens-albumet, som eg har venta på sidan *ser på klokka* 2014? aldri kjem til å koma, men at eit av bandmedlemane såg seg lei på at songane ikkje blei brukt og ga ut eit sideprosjekt-album med ein del av songane på, og det er jammen flott.
bjarte.bsky.social
Jau, der har eg allereie lagt inn hentestad, men eg får likevel beskjed om å gi dei instruksjonar på kvar pakke. Kanskje dei berre er veldig glad i å få instruksjonar.
bjarte.bsky.social
Eg likar eigentleg ganske mykje ved Posten-appen, men korfor må den driva og be me om å gi leveringsinstruksjonar KVAR GONG det kjem ein pakke, i staden for å berre følgja den generelle innstillinga på profilen min, som er å LEVERA TIL DEN JÆVLA HENTESTADEN om pakken ikkje får plass i postkassa.
bjarte.bsky.social
Forbausande mange folk er forbausande dårlege til forbausande enkle ting
bjarte.bsky.social
Vår høgt elska raude HEMNES-kommode vil bli djupt sakna, men får vonleg eit fint liv vidare hos den lune karen som nettopp var og henta 🥹
bjarte.bsky.social
Fredrik Stabel er derimot halvt gris, men faktisk berre kvart sjiraff!
bjarte.bsky.social
Her må me klara å spora opp ei postadresse, og så er det berre å gå i gang med å senda anonyme brev.
bjarte.bsky.social
Ah, den som var fluge på veggen på Lura Turistheim torsdag 5. februar klokka 18! Klarer me å lura ein Karleif-moldvarp inn på dette seminaret?
bjarte.bsky.social
Ikkje meininga å klaga på jobben min, som jo er ein trygg og fin jobb som eg er veldig takksam for å ha, men HERREGUD så keisamt det er å skriva møtereferat