Den Kloke Lille Høna
@krissto95.bsky.social
750 followers 290 following 9.9K posts
Ho/ho. Ikkje julenissen, berre nynorske pronomen. Famlar meg gjennom høgare utdanning, underviser norsk på speed og skriv teksten du ser på TV.
Posts Media Videos Starter Packs
krissto95.bsky.social
Nei, no må snart eigarklassen og politikarane slutte å blande sammen "ønske" og "må".

Heger-lenke: share.google/df4nLY1Jreq8...
"Studentene er blitt en mer sammensatt gruppe: Flere vil studere deltid, flere studerer lenger og senere i livet, flere vil kombinere med jobb."
krissto95.bsky.social
Ugh, dette er ei så altfor velkjent skildring
krissto95.bsky.social
Ok klagepunkt nummer tre, så er eg ferdig for denne gong, æresord: Men SER de ikkje at eg går med mobilen min rett foran augo og i rein panikk sjekkar klokka kvart 15. sekund?! Eg veit OPENBERT at de "stenger om ti minutter:)"

(Eg har jobba i butikk, så eg veit jo at det er naudsynt... Men ååå!)
krissto95.bsky.social
Heilt urelatert: Eg lurer på kva dei tilsette synest om planløysinga til butikken, som krev at ein går ein omveg gjennom heile butikken, sjølv om varen ein skal ha er sånn 20 meter frå kassa
krissto95.bsky.social
Ja da, eg skjønnar jo at butikkane ikkje vil/kan/bør vere døgnopne, men kan dei kanskje lure meg til å tru dei stenger ein time tidlegare, i det minste. Kanskje eg då kan klare å rekne god nok tid.......

(Dette er 98 prosent kødd. Det er sjølvsagt eg som er udugeleg her.)
krissto95.bsky.social
Stakkars student i kollokviegruppa, ho ante ikkje at ho opna Kjeften Som Aldri Held Kjeft då ho naivt og uskuldig spurde kva eg skreiv master om, for så å fortelje at ho var frå Bryne. Eg kom til meg sjølv ein halvtime seinare.
krissto95.bsky.social
No står ikkje verda til påske!
krissto95.bsky.social
Åja, Nasjonalbiblioteket, det har eg aldri høyrt om!🤡

(Neida sorry, men ja, sjølvsagt. No var berre poenget at eg trengde den fysisk, men eg brukte sjølvsagt ei av dei mange utgåvene på nb i fraværet av fysisk bok)
krissto95.bsky.social
Det verste er at det hadde teke meg sånn eit kvarter å springe heim og hente ho, men eg har ikkje eit kvarter😔
krissto95.bsky.social
At det overraskande store biblioteket me har på lesesalen, ikkje har Amtmandens Døttre, var mildt sagt jæææla upraktisk, då.
krissto95.bsky.social
Du må berre syte for å alltid legge på eit ekstra ledd, som i epost-adresse, så får du lov! Det kan jo verte artige samansetjingar, det.
krissto95.bsky.social
Nei, dette var ein subfloff av rettleiar og IT-dama på UiB som heilt eksplisitt formana det
krissto95.bsky.social
Ja, men sant! Det er då det vert vanskeleg. Også NRK og andre nyheitsmedium vert meir og meir prega av slappe omsetjingar, så ein kan ikkje nødvendigvis bruke dei som fagleg autoritet. Der det -kan- oppstå forvirring eller uklar kommunikasjon, skriv eg heller om. Så er ein på den sikre sida.
krissto95.bsky.social
"Å opne døra" handlar meir om til dømes offentleg adgang, eller "døren min er åpen" = "det er bare å komme innom"

Igjen frå naob.

Men det er jo ikkje utenkeleg at det hadde vore uproblematisk å omsetje dette meir direkte til norsk, men "when in doubt, skriv om", sant
krissto95.bsky.social
Eg (/me) gjekk for "legge til rette for [...]"

Å snakke om "åpne dører" på norsk, handlar, så vidt eg kan sjå, meir om demokrati, tilgjengelegheit, o.l. Frå naob: "slå inn åpne dører - argumentere kraftig for [...]"

Då vert det fort upresist å bruke det tilsvarande som på engelsk.
krissto95.bsky.social
(Dette er forresten ein av fleire grunnar til at eg føretrekk å ikkje få noko KI-manus. Det er meir krevande å "luke ut" anglisismane enn å omsetje meining for meining sjølv.)
krissto95.bsky.social
"A proposal that opens the doors to an historic expansion of peace [...]"
Når ein får servert KI-manus, har KI-en sjølvsagt skrive "åpne dørene for", og om ein ikkje er oppvakt, vert det ståande slik. Men det er ein anglisisme, sant? I denne konteksten vert det rart på norsk?
krissto95.bsky.social
Eg er veldig oppteken av å unngå anglisismar (iallfall i jobbsamanheng), men når ein les, høyrer og omset engelsk, vert ein fort litt blind på det. Kor skal grensa for "godt innarbeida i norsk" gå? Eg kan sitje i ei æve og forvirre meg sjølv med omsetjingar av frasar. Så dagens nøtt var altså...
krissto95.bsky.social
mikrodoser morsrolla ved å be min 26-årige romkamerat om å legge seg.
krissto95.bsky.social
Dette er omtrent like sinnssjukt som då eg oppdaga at nokon faktisk strauk sengekleda sine på ekte, til kvardags. Ein gong i veka.
krissto95.bsky.social
Kva meiner du med å spesifisere rødt/rosa og ikkje berre fargar........ 😳
krissto95.bsky.social
Og eg har ein veldig spennande tekst som ventar på meg! Og viktige poeng eg skal få inn! Og eit par greier frå rettleiinga å få inkorporert! Og middagsrestar frå i dag til lunsj! Når lesesalinga er god, er allting godt.
krissto95.bsky.social
Meg når eg kjem på at det straks er ny veke, nye dagar på lesesalen: 🥰🥰🥰🥰🥰
krissto95.bsky.social
Eg skal søke om å utsetje levering av masteren no straks (som planlagt) og kan velje mellom februar 2026 eller juni 2026. Men eg vil jo ikkje levere! Eg vil leve i denne limboen for alltid! Eg koser meg sånn på lesesalen!!!! Plis ikkje ta frå meg lesesalen og Garborg!