Magne Juuhl
banner
mjuuhl.bsky.social
Magne Juuhl
@mjuuhl.bsky.social
700 followers 720 following 410 posts
Brann
Posts Media Videos Starter Packs
Det er betre at Viking har eit supportarmiljø enn at Viking ikkje har eit supportarmiljø og bra at det også er rivalisering på Vestlandet.
Joda, ser poenget. Men kombinasjonen av kor pretensiøs deler av Vikingfansen er saman med den tamme tribuna framstår litt rart. Kvar einaste km på veg til bortekamp er ei liding osv.
Betre med intern krangling og aktivt tribunekultur, enn syting og passiv tribunekultur :-)
Ja, i utgangspunktet vil eg heller at Glimt skal få eit nytt gull.
Men vittig om Viking tar gullet eit år der Felt O primært har fokusert på syting og tribuneinnsatsen har vore nesten fråverande.
Viss ein ny stor og aktiv generasjon om ti år vil innføre ein supportarkultur som minner meir om San Lorenzo vil eg støtte dei. Men kva dagens ungdommar vil gjere må nesten dei svare for. Det mest vanlege er å argumentere for at eigen generasjon har den rette kulturen.
Tja, det er eit poeng. Samstundes vonar eg jo at folk som gradvis trekk seg litt ut frå midten framleis kan synge. På sitt beste fungerer Brann Stadion slik og eg trur mange av dei som står på sidene på Frydenbø og dei aktive på langsidene har vore innom store stå.
Sjølv den mest kranglevorne ultrasen flaggar ikkje for å gjere kampen kjip for andre. No lagar du ei heilt urimeleg framstilling.
Jo, det er sjølvsagt bruk for alle som er glade i Brann og supportarkultur. Men eg synast vi eldre er på vårt beste når vi legg til rette for og støttar nye generasjonar istadenfor at vi skal ta mange kulturkampar der vi forklarer dei kva dei gjer feil.
Ja, har vore litt av det i år. Men eg synast også, paradoksalt nok, at vi oftare enn tidlegare har fått til i 2024 og 2025 at store deler av Frydenbø syng det same. Eg lev godt med litt kniving, så lenge det i tillegg er ganske mykje samstemt synging.
Men på nedre store stå tenkjer eg det er vanskeleg å trivast viss ein har store problem med ultraskultur. På same måte trur eg det er vanskeleg å trivast på felt a viss ein liker aktiv stemning og felt z/ typefeltet viss ein ikkje liker kulturen der osv.
Altså, forstår jo at mange ikkje liker ultraskulturen. Men ultrasen står i midten nede og det er fullt mogleg å like/ utøve/ identifisere seg med andre former for supportarkultur på store deler av Frydenbø. Men viss ein i tillegg skal definere kva dei unge bør gjere trur eg tribuna stagnerer.
På ein supportartribune meiner eg dei ivrigaste og mest aktive må få sette premissa for kva som skjer sentralt på feltet. Viss nokre flagg sentralt på ei supportartribune opplevast som om at det ikkje er plass til andre kulturar, så slit eg med å forstå andre kulturar.
Reposted by Magne Juuhl
1. november på Brann Stadion kan Brann sikre sitt femte seriegull gjennom historien. 1961/62, 63, 2007, 2022 og 2025. Og det er ingen selvfølge, slik jeg ser noen kommenterer. Hard konkurranse fra VIF og RBK, og i sommer ledet VIF.
Kva som er rett er det ingen av oss som veit. Spennande korleis tribuna og kulturen er om fem år.
Oddrane, Stormen, Klanen i nokre år, Isberget i Tromsø er døme på kor eldre supportarane har hatt kjempetru på det å bevare kulturen til dei eldre og avvise perspektiva til nye generasjonar.
Eg trur du og fleire andre undervurderer kor særs lite attraktivt det er for å unge drivande krefter å delta i ein supportarkultur der de set premissane. Då er vi tilbake til års der gjennomsnittsalderen Frydenbø sånn omtrent (litt flåsete) auka med eit år per sesong.
Naturleg var nok eit dårleg ord. Vil tru dei ser på flagging som ein like opplagt del av supportarkulturen som du meiner det å sjå alt av spelet er.
Det er velkjent at vi to er svært usamde i kva som er best for å skape best mogleg stemning på Brann stadion no og i framtida og det er openbart heilt fair.
Ser ein ikkje ok på store deler av frydenbø på a og d?
No skal eg vere forsiktig med å svare ut korleis dei tenkjer. Men vil tru dei ser på flagging som ein naturleg og opplagt del av supportarkulturen på lik linje andre visuelle element. For eigen del tenkjer eg at det å få litt dårlegare sikt er ei av fleire nedsider ved å stå på Store Stå.
Men argumentet for dei som er mot tromme er dei uansett må høyre tromme viss dei flyttar vekk frå kortsida. Sjølv er eg for tromme, men synast det isolert er eit godt argument kvifor folk engasjerer seg slik mot den sjølv om ein ikkje står på store stå.
Men eg vonar verkeleg Brann som klubb kan ha eit felt midt på kortsida der folk som verkeleg lev og ånder for tribunekultur og 100% konstant støtte får utfalde seg. Både stadion, supportarmiljøet og klubben er stor nok til det.
Det er mange ting som kan vere/ er irriterande midt på eit supportarfelt. Konstant synging, hopping, kjefting og gnåling om at ein må synge/ ikkje vere på mobil, skjerfhav, målras, høglytt krangling, urimeleg dommarhets etc. For meg også kjem dagen der eg ikkje orkar alt styret midt på tribuna.
Ein del klubbar har ein del diskusjon om flagging på bortefelt og det forstår eg langt meir av.
Tja, eg meiner at viss ein ikkje liker at yngre flagger på kamp så kan ein flytte seg litt lengre vekk frå sentrum på tribuna. Vanleg og udramatisk i resten av tribuneverda, ein stor diskusjon i Bergen. Ein kan framleis vere aktiv på alle måter sjølv om ein fysisk ikkje står midt på feltet.