V-🐻
vebjorn.bsky.social
V-🐻
@vebjorn.bsky.social
410 followers 480 following 1.4K posts
Målmann av legning, flisespikkar av utdanning. Midtstoggar i festleg lag. Ja til væpning av Språkrådet. Signe ballen. 📍 Sogn og Fjordane
Posts Media Videos Starter Packs
Pinned
Ja til væpning av Språkrådet.
Eg høyrer folk seier det er so smått med eksotiske matvarer i butikkane på bygda, men jaggu har me bergenske kolonialvarer på coopen likevel.
Sånn sett veit eg ikkje om det har so mykje å seia kven den neste programleiaren vert. Vedkomande kjem vel til å verta fronta og dyrka sund uansett.
Debatten har forresten hatt ein einaste nokolunde dugande programleiar gjennom tidene, nemleg Ingunn Solheim. Og ho var likevel langt meir imponerande i valsendingane ho leidde, enn ho var i Debatten. Eg er redd problema med Debatten og programleiarane der har ein del med redaksjonen å gjera.
Kanskje er det òg eit symptom på kva den offentlege sfæren vår slit med. Det forklarer jo ein heil del når det største førebiletet for norske aviskommentatorar og politikarar er ein journalist som tykkjest meir oppteken av å gjera seg sjølv til nyheiter enn av å formidla dei.
Men SÆLE SAUSENEBB, for ein kavalkade av krampaktig rause karrierenekrologar denne dagen har servert. I den norske andedammen er det utan tvil kjendisstatusen og ikkje dei faktiske prestasjonane som avgjer kva slags hyllest du får når du trekkjer deg.
Ein Erik Wold for vår tid, tenkjer eg me seier.
Reposted by V-🐻
Namnet Rolf er eigentleg ein kortform av Rolfgang
Vent litt … Er ikkje Stoltenberg framleis tilsett i SSB? Har det vore planen heile vegen, dette? Eit nøye regissert folkeopplysningsstunt? Passiv statistikkunnskap til folket? 🤯
Ørna har endeleg rydda, og i det høvet slår det meg:

Tenk for ei veke dette har vore for dei statistiske sentralitetsklassane!
So lat oss oppsummera i kor. Med caps lock, sjølvsagt. Me treng:

RASSIKRING
TUNNELSIKRING
SKULAR
BARNEHAGAR
SJUKEHUS
KOMMUNEØKONOMI

Og som glasur på toppen, til glede for by og land: skipstunnel og utflytting av statlege arbeidsplassar. So får gratisferjer og studielånsgreiene vera kakedrysset.
Når eg tenkjer over det, er eigentleg ikkje utflytting av statlege arbeidsplassar distriktspolitikk, det heller. Det er maktspreiing, det er beredskap (det òg), det er å letta på trykket i eit takras av ein bustadmarknad austanføre.
Og endå ein ting:
– skipstunnel forbi det farlegaste havstykket i landet

Ja, du las rett. Og skipstunnelen er ikkje eingong distriktspolitikk, det er beredskap og katastrofeførebygging. Dei jævla milliardane er sparte inn økonomisk og økologisk med eitt einaste forhindra hurtigruteforlis.
For å leggja til eit par småting på den lista over kva me treng her ute:

– rassikring
– meir rassikring
– endå meir rassikring
– trygge tunnelar
– meir pengar til sjukehusa
– statlege arbeidsplassar

Og lat meg repetera:
– stabil, ikkje-sentralisert barnehage- og skulestruktur
– PENGAR TIL DRIFT
Godt å sjå at Ap snur i kveld. Det vart dyr moro for dei, dette – og det utan at studielånsslette og gratisferjer eigentleg er so avgjerande distriktspolitikk. Tillat meg å minna om:

bsky.app/profile/vebj...
Me treng for fakerten ikkje at det snillaste og billegaste lånet me har, skal verta endå billegare. Me treng at ungane våre får gå på ein skule som ikkje ligg 90 minutts reiseveg unna! Me treng fleire tilsette i barnehagen! Me treng LEVELEG KOMMUNEØKONOMI.
Reposted by V-🐻
Det var aldri løftebrot som var problemet med Ap-saka, men at dei skremte med at desse ordningane ville bli kutta ved regjeringsskifte — etter at dei sjølv hadde lagt inn framlegg om kutt. Å kople dette saman med ordinære løftebrot/kompromiss er feil.
Ynskereprise for dei som eventuelt har budd under ein trestubbe dei siste åra:

bsky.app/profile/ekte...
bladfýkjen: kaupe fókk for mykji pylsó?

pylseseljaren: nei, fókk ha' sillt kaupt mei' pylsó

[bladfýkjen snur seg imót kamera]
SPÉNNANDI
Eg veit ikkje med dykk, men etter dette her museumstjuveriet nedi Frankrike tenkjer eg fyrst og fremst på at dei endeleg har ledig plass til pylseseljartviten i Louvre
Politiet åtvarar mot nettvett:
– Ingen grunn til at barn skal ha personvern
NRK akkurat nå: Flere tusen ... Demonstrasjoner, ikke demonstranter! 🤦
Nei, Støre. Svaret «ble» ikkje feil. Det er du, ikkje svaret, som er det handlande subjektet. Og verbalet er _bløffa_, ikkje «ble».
Vel vel VEL. Ein dag seinare viser det seg at partileiaren og statsministeren ikkje berre dreiv eksplisitt med lureri sjølv, men at han jamvel «beklagar» at dette aldeles eigenrådige og balstyrige svaret hans oppførte seg dårleg heilt av seg sjølv.
Det får halda for i kveld. God natt. Måtte alle med innverknad på statsbudsjettet ha mareritt om Robek-lista like til vekkjarklokka ringjer i morgon.
Vil du at folk skal tru på deg, må du visa at du er til å stola på. Du må vera ærleg. Vestre-saka viser diverre tydeleg at det er Vestre og Ap ikkje. Då forsvinn tilliten i ein rasande fart.

Og medan det skjer, sit me her og ser skular, barnehagar og bibliotek verta raserte framfor augo på oss.