Helge Torvund
@2rvund.bsky.social
1.2K followers 780 following 690 posts
Poet. Mind the gap between your meaning and the world.
Posts Media Videos Starter Packs
2rvund.bsky.social
KJÆRLEIKENS MASKER

Av Alden Nowlan

Eg kjem inn etter å ha gått ein tur
med deg
og dei spør meg
om det regnar.

Det la eg ikkje merke til
men eg må gje dei
det rette svaret
for elles trur dei eg er galen.

*

Mi gjendikting.
Mitt foto.
2rvund.bsky.social
"Høst", 1946, BENDIK RIIS.
Reposted by Helge Torvund
2rvund.bsky.social
Før George Braque sin første transatlantiske telefonsamtale greidde han håret sitt.

René Magritte hadde eit håp om at dei som såg hans måleri ville kjenne att sin eigen isolasjon og høyra verdas stillheit.
2rvund.bsky.social
Sirkelen som omgir oss
Sirkelen me står i
Sirkelen som fører oss
til sirkelen
Og spettmeisen
på mønet av garasjen


***
Skulptur av Jens Erland.
2rvund.bsky.social
For eit år sidan i dag hadde Nærbø bibliotek laga denne flotte utstillinga av bøkene mine i samanheng med at eg fekk Nynorskprisen av Hå Mållag. Gode minne.
2rvund.bsky.social
Skulptur av Richard Hudson: "Love Me" (2016).
2rvund.bsky.social
Ikkje nå, men då,

og ikkje mitt foto.
2rvund.bsky.social
HEGREN

Li Po

Som eit snøfnugg
dalar den kvite hegren
mot stranda ved ein djupblå sjø

Urørleg på den ytste steinen
ventar den
på den strenge vinteren

*

Tresnitt av Ohara Koson
2rvund.bsky.social
- Finst det frø
som spirer, gror og veks
som om framtida
var ein realitet?
- Ja.
2rvund.bsky.social
Sladderens sirkel teikna av Norman Rockwell.
2rvund.bsky.social
I byrjinga av oktober lengta eg til ein sommardag i Amberley, Sussex.
2rvund.bsky.social
Eg skulle nok det. Men nå har helsa sett ein stoppar for all reising, så det blir ikkje noko av.
2rvund.bsky.social
Dagens feillesing.
Eg las "vil store deler av fødselsraten stoppe opp."
Og fatta ingenting.

Eigentleg stod det: "vil store deler av føderalstaten stoppe opp."
2rvund.bsky.social
Seems like you are completely right, and wrong too!
The name of the artist and the location seems to be wrong, but it exists in another place and it is made by another artist! Thank you!
2rvund.bsky.social
Brua frå sommar til vinter heiter haust.