Per Gunnar Sætre
@bandanders.bsky.social
330 followers 430 following 1.9K posts
Ingen ting kan vekse uendeleg i ei endeleg verd. Om du overtyder meg om at du spør i god tru, svarer eg gjerne.
Posts Media Videos Starter Packs
bandanders.bsky.social
Så, det var den vegen du hadde tenkt deg, altså. Bra eg er budd på å verte overraska, då.
bandanders.bsky.social
Ho eg er gift med og eg var på reinhaldsverket med eit lass i dag.

Ho på utveginga: No må du hugse å stå på vekta når du betaler. Har ikkje tenkt å betale for 75 kilo ekstra restavfall – og så må eg ta deg med heim att likevel.

Og slik går no dagane. Fint det.
bandanders.bsky.social
Det er eg samd i, at det vert sjølvmotseiande reint ideologisk om ein sosialist argumenterer for formuesskatten med at dei rikaste ikkje vil merke så mykje til han. "Om", altså😉
bandanders.bsky.social
Feiaren var her. "Feiing utført. Vi fann ingen manglar eller avvik"

Det er to gonger i året eg verkeleg får karakter. Det er på det årlige tannlegebesøket og altså, når feieren er her.
bandanders.bsky.social
3 år sidan The Liar no og eg ventar på ny musikk frå John Fullbright. Men kjenner eg han rett, forhastar han seg ikkje. Bra vi har YouTube, då.

youtu.be/PmaeGwu_i_E?...
John Fullbright Cayamo 2025
YouTube video by Carlsagan2nd
youtu.be
bandanders.bsky.social
Nokre meiner at utvalet i norske matvarebutikkar er katastrofalt dårleg.

Samstundes handlar nok sjølvforsyningagrad mykje om kva vi er villige til å ete.
bandanders.bsky.social
Henta frå avisa 1ste Mai (utgjeven i Stavanger) 31. august 1931. Ikkje heilt tifeldig ein dag som i dag.
bandanders.bsky.social
Solstorm. Himmelen er blå og tynnaknutane leikar seg i sola bort under Rystelandet.
bandanders.bsky.social
Nokon har sett ny lyspære (og vel så det) i Melania.
bandanders.bsky.social
Tremenning og sambygding Øyvind Johan Eiksund har laga musikken til desse korte videoane av Johan-Magnus Elvemo. Veldig fint, altså.

youtu.be/PW28W7qC3eE?...
Lost Pieces
YouTube video by Johan-Magnus Elvemo
youtu.be
bandanders.bsky.social
Kom til å tenke på det - at om Pete Hegseth hadde møtt opp på sesjon med dei haldningane han gjev uttrykk for, er eg sikker på at han hadde blitt dimmitert på staden.
bandanders.bsky.social
Eigentleg skulle eg berre sjekke korleis ein dokumenterer elevsamtalar i skuleadministrasjonsprogrammet InSchool. Men eg kom ikkje lenger enn til dei to første punkta i innhaldslista før eg spora av. Drog orda ut av kontekst og no sit eg her og tenkjer: Tenk deg verda om det var så enkelt…
bandanders.bsky.social
Trass alt, så går det vel an å seie at det er fred (på overflata) i USA. Om eg sat i Nobelkommiteen, ville eg tenkje at ein president som i fredstid kvittar seg med forsvarsministeren og erstattar han med ein krigsminister i utgangspunktet ekskluderer seg sjølv frå prisen.
bandanders.bsky.social
Trump og krigsministeren hans talar til ei forsamling av dei øverste offiserene sine.

Eg meiner å ha sett liknende bilete før og det går kaldt nedover ryggen på meg.
bandanders.bsky.social
"Til mennesker og dyr, innvortes og utvortes bruk"😉
bandanders.bsky.social
Rett skal vere rett. Pengane skal visst, av alle verdige formål, gå til bygginga av ny ballsal til Det kvite hus
bandanders.bsky.social
Youtube som er eigd av Google som er eigd av Alfabeth Inc. er visst den siste i rekka av tech-selskap som er dømde til å betale millionerstatning til Trump for at han vart suspendert etter kongresstorminga.

Dette er så sjukt, sjukt, sjukt

Skjermklippet er henta frå CNN
bandanders.bsky.social
Snakk om å velge illustrasjonsfoto.
bandanders.bsky.social
Frå avisa 1ste Mai i Stavanger 26/8-1931.

"Hukket", altså
bandanders.bsky.social
Vêrhardt på Skålaskaret, ja. Det går ei soge om ein kar som stod på Skålaskaret og slo lens i unnavinden ein sommardag. På Vartdal, som ligg bak fjella i bakgrunnen, trudde dei det byrja å regne og byrja å køyre inn tørrhøyet😉

Det bles alltid på Skålaskaret.
bandanders.bsky.social
Blåvasskoppen. Nedslagsfelt for Vasskoppen, der vassverket i Ørsta hentar vatnet sitt. Er det rart vi har godt vatn?