FreddyBS
banner
freddybs.bsky.social
FreddyBS
@freddybs.bsky.social
Han der frå Breim. Bookar alle band til Norsk Countrytreff på fritida. Jobbar resten av dei 16 vekene i året. Kjenner kanskje mor di.
Julekulturell Skulesekk-Bergen-Bluesky, meld dykk. Eg har to billettar til Didrik Solli-Tangen i Grieghallen 19.desember eg skulle blitt kvitt.
December 7, 2025 at 5:34 PM
Etter å ha pakka inn 9 gåver til kone og ungar og komande svigerson og sånn, så har eg innsett at eg kanskje ikkje burde pakke inn julegåver i min tilstand*.

(* Som mann)
December 6, 2025 at 11:45 AM
Ref. oppslag i VG i dag, skulle ein nesten tru at Lise Klaveness, Ståle Solbakken og resten av NFF først i går blei merksam på at FIFA har oppretta sin World Peace MasTrumpBate Prize.

Eller var dei bekymra for å ikkje få komme inn i USA om dei sa det alle tenkte allereie tidleg i november?
December 6, 2025 at 9:17 AM
I kveld samla vi oss saman nok til å setje ned urna. Som ei markering av det siste gjeremål som vi berre MÅ igjennom.. Å bære det minste bornet ditt ein siste gang, legge ho ned i eit mørkt hol og dekke med kald jord, gjer noko med deg. Det er for evig ein bit som manglar i liva våre no.. Fy faen.
December 5, 2025 at 10:51 PM
I dag er det ein månad sidan heile verda mi falt i grus. Det er neimen ikkje enkelt å bygge opp att noko som er pulverisert, utan å ha noko skikkelig å lime med.. ❤️💔
December 3, 2025 at 8:05 PM
Lurer på om Spotify Wrapped er ute no..
December 3, 2025 at 2:35 PM
Ei av ulempene med å bu på ein liten plass, er at du tar deg ein totimerstur for å komme vekk frå tankane dine, og så møter du konstant kjentfolk som i beste meining minnar deg på kvifor du må ut og komme vekk frå tankane dine.
December 2, 2025 at 11:13 AM
At det skal gå an å sakne eit lite menneske så inderleg..
November 27, 2025 at 10:11 PM
Heilt sidan eg høyrde Joshua Ray Walker i 2019, har eg hatt lyst til å hente han til Breim og Norsk Countrytreff. Det hjalp ikkje veldig mykje på at @egonholstad.bsky.social tok sats og serverte tidenes rekkeseksar...

Men at det skulle gå 7 år, litt kreftbehandling og whatnot..

'Effing endelig!
November 21, 2025 at 8:36 PM
I took a heavenly ride through our silence
I knew the moment had arrived
For killing the past and coming back to life

Som 'an sa, han Gilmour
November 21, 2025 at 5:01 PM
Den svartaste tida i livet mitt har vore mellom 3.november klokka 16:30 til uendeleg, og den som seier at sorga gjer deg sterkare berre lyg, for den gjer deg berre hardare og lettare å knuse.

13 år. Det er ikkje humant, dette her. Fy faen.
November 6, 2025 at 10:48 PM
Ser at FrP ønskjer å få mobbing ut av skulane, og at bøllene ikkje skal få regjere i skulegarden. Prisverdig forslag frå partiet som er hardast på økenamn og merkelappar på sine politiske motstandarar.
November 3, 2025 at 1:34 PM
I dag er det 2 månader att til 2.januar.
November 2, 2025 at 8:09 AM
Om eg avslører at i Gloppen heiter det "ikønj", er det då greit å skyte dei for skytetreninga si skuld?
November 1, 2025 at 9:30 PM
Utfordra alle kidsa som kom på døra i dag til å fortelle kva knep dei ville dratt om eg nekta dei godteri, og eg har blitt lova pryl, knust rute og tramping på tunet, så eg tenkjer at det er greit at dei har fått eit bidrag til sukkersjokk i staden.
October 31, 2025 at 11:16 PM
Det renner på.. 👀
October 31, 2025 at 8:41 PM
Homey og sensorar er kjekt på Halloween. 🤓
October 31, 2025 at 4:30 PM
Dette blir faktisk jækla stas!
October 31, 2025 at 9:48 AM
Ja, men du må sjølv kjøpe ei kasse å ha dei i.
October 30, 2025 at 9:09 PM
Dette biletet har eg kalla "Josh Turner & The Pink Jesus".
October 30, 2025 at 7:18 PM
Det er snålt å tenke på at sidan eg hadde ei dårleg magekjensle i dag tidleg, og avslutta morgenshuttle grunna gradvis dårlegare vêr, så bestemte ei helivakt på ei naboplattform seg for å gå til medisinsk og ta influensavaksine, og snubla over ein mann med hjartestans, som no er i live på sjukehus.
October 25, 2025 at 4:54 PM
Hm.. Det er "Sticy svin" til middag i kveld, og no er eg usikker på om det er "Spicy" eller "Sticky" vi får.. 👀
October 24, 2025 at 2:06 PM
Vi har vel alle ein LFC-supporter på Snapchat som det er ganske stille frå i kveld.
October 19, 2025 at 5:37 PM
"Oktoberfest" på jobben i dag. Cateringen har bytta ut indrefilet med pølser og snitzel.

Eg byttar snart arbeidsgjevar.
October 18, 2025 at 3:20 PM
«Definisjonen på galskap er å gjere det same om og om igjen og forvente ulike resultat» sa aldri Einstein.

Men det er nok i hovudsak fordi han ikkje reiste via Oslo Lufthamn Gardermoen og fekk standardbehandlinga der.

Eg er i alle fall i Stavanger. Utan bagasje. Igjen.
October 15, 2025 at 7:42 PM