Den Kloke Lille Høna
@krissto95.bsky.social
750 followers 290 following 9.9K posts
Ho/ho. Ikkje julenissen, berre nynorske pronomen. Famlar meg gjennom høgare utdanning, underviser norsk på speed og skriv teksten du ser på TV.
Posts Media Videos Starter Packs
krissto95.bsky.social
(Og litt seinare: den franske revolusjonen)
krissto95.bsky.social
Åh, eg hadde heilt gløymt min Tupac Shakur-obsession, utløyst av boka til Dansken. Og den påfølgande konspien om at han chillar i Argentina elns.
Reposted by Den Kloke Lille Høna
trengerkaffe.bsky.social
Vi må skjerpe oss!
superditte.bsky.social
Faktisk virkelig tarveligt 😡😡
krissto95.bsky.social
Meg, i fire veker: alt eg skriv er BOSS, eg skjønnar ingenting, setningane mine gir ikkje meining, eg er faktisk verdas dummaste og det er ein SKAM å sende dette til nokon!!!
Rettleiar i dag: Jeg har egentlig ikke så mange innvendinger. Du skriver godt [...]

Åja.
krissto95.bsky.social
Sånn har alle morgonane mine sett ut i ei veke 🫠 Ein kan verte galen av mindre.
Skjermbilege av 13 tapte alarmer
krissto95.bsky.social
Ja ja ok dette er ikkje ein arena for å spekulere i nokon sin legning.
krissto95.bsky.social
Eg prøvde å importere arbeidet frå den første fila, men fordi det var så ulikt, vart det jo kronglete klipp-og-lim. Det hadde vore raskare å berre gjere det frå scratch🫠🫠🫠
krissto95.bsky.social
Elskar å kome på jobb med migrene, slite meg gjennom ei dritt-oppgåve som tek cirka 30 minuttar, berre for å få beskjed frå dei som leverte fila om at det har kome ny versjon, som er HEILT ulik, og fordi dei ikkje evnar å informere ordentleg, vert det ekstra kronglete🥰
krissto95.bsky.social
Ja jo, men eg trur du misforstår meg. Eller kanskje ein må kjenne til rettleiaren min for at det skal vere tidig. Han har god kontroll på ting, men akkurat skeiv teori er på ingen måte ekspertiseområdet hans.
krissto95.bsky.social
HUMBLING når min mannlege, (anteke) hetero rettleiar forklarer MEG omgrep i skeiv teori og viser MEG ei scene i romanen som kan vere interessant å sjå på. Og han hadde heilt rett! Korleis har eg ikkje oppdaga dette sjølv! HUMBLING.
krissto95.bsky.social
At desse studentane så villeg stiller opp i avisa for å avsløre seg som late, dumme nek (med all respekt), seier kanskje minst like mykje om kulturen v studiestaden. Universitet og høgskuler må 1) skaffe seg kunnskap og 2) tore å vere kritiske. Det er nok hjå mange "sykt innovativt", "framtida" osv
krissto95.bsky.social
Ikkje som eg veit om. Ja, det er noko herk å måtte drive og søke konstant!!!
krissto95.bsky.social
Ja, definitivt! Min favorittmetode er å lese fysisk først, og så bruke digital versjon i etterkant, når eg veit kva eg ser etter og sånt. Det er det eg har gjort med teoribøkene til masteren til dømes. Eg noterer sidetal og stikkord undervegs, og så finn eg att nyttige sitat digitalt seinare.
krissto95.bsky.social
I WISH! Eg får det ved å vere vitskapleg assistent (kollokvieleiar) på UiB, og eg veit ikkje om det er noko ein kan kategorisere som ein "life hack". Men å vere ein nørd for faget sitt og seie ja til alle moglegheiter ein får servert er kanskje life hacks?
krissto95.bsky.social
Ja, kanskje det er det? Det ER vanskelegare å lese artiklar digitalt, og eg skjønnar ikkje at det er noko ein må forklare eingong, tbh. Og så var det jo mange som hadde heimeskule dei åra dei skulle etablere gode, sjølvstendige vanar og strategiar...
krissto95.bsky.social
Ja, eg tippar jo mange manglar gode studievanar og -strategiar og rett og slett ikkje er i stand til å lese og forstå artiklar ved å lese raskt gjennom eller hente ut det viktigaste. Ein les ikkje alt like grundig, men det er jo eit poeng å lære seg å lese på ulike måtar!!!
krissto95.bsky.social
Vel 3000 kroner for om lag 20 timar i månaden er ikkje akkurat noko til å verte rik på, men i og med at eg hadde gjort det gratis for Nasjonalbiblioteket-tilgang, føler eg meg SJUKT rik no
a cartoon of donald duck standing on a fence
ALT: a cartoon of donald duck standing on a fence
media.tenor.com
krissto95.bsky.social
Dette er ein heilt naturleg konsekvens av at alle skal pressast gjennom høgare utdanning. Auk heller lønna og statusen til helsefagarbeiderar.
litterat.party
Eit godt tips er å ikkje trenge helsehjelp dei neste 20-30 åra
Den kan forklare ting enkelt til deg som eit barnehagebarn, seier studenten Ronja Løtveit.

Som sjukepleiarstudent har ho ei stor og tjukk pensumbok om anatomi, og vel heller å bruke kunstig intelligens som forklarar stoffet på ein enklare måte. Og ho får støtte frå studievenninna.

Eirik Gjesdal/NRK
– Eg brukar mykje ChatGPT, fordi det er veldig lett. Ein treng ikkje lese i fleire timar for å finne den vesle informasjonen ein treng, seier Ida Synnøve Sunde.

Og ho føler at mange andre studentar gjer det same.

– Sjølv har eg kjøpt pensumbøker, men eg har ikkje sett på dei, seier Sunde.
krissto95.bsky.social
Du veit når du har brukt fleire timar på ein sånn liten drittjobb som viser seg å ikkje vere liten likevel, og så må du gå med andres boss, etter å ha vaska doen to gongar på to dagar fordi nokon er ein jævla slask, og så får du saft frå bosset på deg. Då er det klart ein får samanbrot.
krissto95.bsky.social
Joda sex er bra, men ingenting overgår ein god bokklubb-rant!!!
krissto95.bsky.social
Tok meg føkkings veker, fleire forsøk, lån av verktøy, innkjøp av nye verktøy... Men no. No klarte eg endeleg å byte den jævvvvla tennaren til ljosrøyret. No vil eg ikkje røyre eit verktøy på 15 år.
krissto95.bsky.social
I oppgåva har eg heldigvis eit system som gjer koplingane riktig for meg, men elles... Ja, på ein måte?