Anders Totland
anderstotland.bsky.social
Anders Totland
@anderstotland.bsky.social
250 followers 200 following 43 posts
Skrønemakar.
Posts Media Videos Starter Packs
No er lydserien min ute hos Fabel. Første sesong i Katastrofedagbøkene har fått tittelen Hamstertrøbbel, og er basert på eit heilt ekte problem: Folk som gravlegg hamsteren sin når han ikkje er død, men i dvale. Spennande og morosam forteljing for barn. fabel.no/sjangere/bar...
Dette har eg gledd meg til å fortelja om. Eg har skrive ein heilt ny serie for barn som kjem direkte som lydforteljing på Fabel i haust, i samarbeid med eit skikkeleg stjernelag. Frank Kjosås har alt vore i studio for å lesa inn, og omslaget er laga av Bård Sletvold Torkildsen.
Ganske ofte føler eg meg litt underpynta når eg går på kulturarrangement i islender, bustesveis og litt for langt skjegg. Men på kveldens bokprat med @audunlysbakken.bsky.social i regi av Sortland SV glei eg rett inn i forsamlinga. Nesten som ein slags kamuflasje.
No får du Gunnars rekordbok på tilbod for aller første gong. Rett og slett eit røvarkjøp. www.norli.no/boker/barneb...
Norli Bokhandel
www.norli.no
Narvik arrangerer denne veka landets største samling for godt vaksne folk som driv med Gubben og katten-cosplay.
Det er dei store spørsmåla i livet.
Haha! Mitt håp er at ungar skal få med seg at foreldra helst ikkje vil at dei skal lesa denne boka. Må vera den perfekte måten å lokka unge lesarar.
Ja, altså, eg trur ikkje eg bommar så veldig når eg snakkar om årets flauaste barnebok.
Tusen takk! Mvh Eva og Torkjell.
Reposted by Anders Totland
Mitt tips: kjøp den til en 12-åring du kjenner. Nynorsk og alt!
Reposted by Anders Totland
Var heldig og fikk bok i posten fra @anderstotland.bsky.social i dag. Den er et regelrett drap på foreldre som har delt for mye av barna i sosiale medier, sett gjennom øynene til Ella som får seg sosiale medier på 13-årsdagen og oppdager hva moren hennes har holdt på med i årevis. Fornøyelig lesing.
Sjølv takk, veldig kjekk time!
Tuva Åserud frå avisa Sunnhordland har vore med meg på skulebesøk, og har laga ein skikkeleg fin reportasje som får veldig godt fram kva det er eg driv med når det står DKS på timeplanen. Tusen takk!

(Kjærasten i 7. klasse er forresten lærar, om nokon skulle lura.)
Forfattar @anderstotland.bsky.social fortel at han har ein unge i 5. klasse, ein i 8. klasse og ein i 10. klasse.
– Også har eg ein kjærast i 7. klasse!
(+) Elevane fekk ein skule­time utanom det vanlege
Lokalavis for Stord, Fitjar, Bømlo, Tysnes og Kvinnherad.
www.sunnhordland.no
Tiåringen blei litt skeptisk då eg ropte frå badet at ho måtte komma og filma meg. Sjølv her i heimen er ikkje det nett kvardagskost. Men i alle fall: Her fortal pappa på dass om Mamma på dass. Bestill gjerne boka her: bok.norli.no/mamma-paa-dass
Men hugsar du kvifor ho portretthekla meg?
Morten Svartveit er nominert til Storytel Awards - Den norske lydbokprisen for innlesinga av Vintertonar. Det synes eg er skikkeleg stas, og ikkje minst velfortent. Klikk deg gjerne inn og gje han ei stemme. Og høyr lydboka, om du ikkje alt har gjort det. awards.storytel.com/no/?award-ca...
Når eg ser på fredags-TV at barnebarnet til Arnold Børud velger niesa til Bjarte Leithaug som mentor i The Voice, og prøver å forklara greia til tiåringen i sofaen attmed meg, føler eg at eg kanskje har fått maksimalt ut av den litt rare kulturelle bagasjen frå barndommen.
Noko av det finaste med å besøka den same vidaregåande skulen fleire dagar etter kvarandre, er kjensla av å gå rundt i gangane og møta hundrevis av ungdommar som smiler varmt og helsar. Nokon stoppar opp og takkar for showet eller foredraget, men dei aller fleste berre smiler. Det er skikkeleg fint.
Ny bok kjem snart! Ganske sikker på at dette er den gøyaste boka eg nokon gong har skrive. Svært nøgd med omslaget, som er laga av Christoffer Grav. bok.norli.no/mamma-paa-dass
Hadde Odd Nerdrum fått ei dotter her, hadde han garantert kalla henne Skitur. Årets første. Rimeleg fint.
Starta året med varm badstove og iskald bading i sjøen under nordlyset. Herfrå kan det berre gå nedover.
Døtrene mine (når dei får pause her).
Gjennom heile desember har eg insistert på at eg ikkje ønsker meg noko til jul. Men der tok eg feil. Tenk så fint å bu med nokon som kjenner meg betre enn det eg gjer sjølv. Bordtennis i stova? Heilt perfekt.