Earl Grey Blå Sky (hen/dei/they/etc)
banner
dorthea.bsky.social
Earl Grey Blå Sky (hen/dei/they/etc)
@dorthea.bsky.social
Momoing. Var folkevald for Senterpartiet i Aurskog-Høland kommune. Interessert i sporveg.
Sit i for mange kontrollkomitéar.
Poster på eiga rekning.
🍀🐻🧗🏼🎺🚃🏳️‍🌈🏳️‍⚧️⛓️
Kan nokon lage buttons, klistremerke eller eit skilt eller noko med teksten «Beklagar, eg vil ikkje sitje ved sidan av deg eg heller, men eg føretrekk å sitje på toget»?
December 10, 2025 at 2:54 PM
Eg trudde seriøst at måka utanfor byrja på Sleigh Ride. Snart jul, gutta!
December 10, 2025 at 8:42 AM
Har nå tapt Whamageddon. Takk for meg. Det kvar kjekt å kjenne dykk alle.

Takk for alle som ikkje har følgt meg gjennom Whamageddon.
December 8, 2025 at 5:23 PM
Eg har i dag hatt Olsenbanden og Lille Petter Edderkopp på hjernen. Eg er 29 og barnlaus.
December 8, 2025 at 10:39 AM
Pour votre sécurité til dei som sit bak meg på flyet: hald kjeft snart før personen foran dykk slår dykk ned.

Altså. Eg har ikkje problem med at eg faktisk utøver vald, men eg kjem til å få problem med øyra om eg må halde fram med eit volum på headsettet i eit tappert forsøk på å overdøyve dei.
December 2, 2025 at 8:16 PM
God fyste advent og lykke til med Whamageddon gutta! Halde nesten på å tape på grunn av ein podcast.
November 30, 2025 at 9:03 AM
Eg har vaksenbillett for kollektivtransport. Eg har no klart å bli redd for at eg på eit vis må bevise at eg er vaksen, noko eg ikkje er sikker på om eg hadde klart.
November 24, 2025 at 8:03 PM
Føreslår også nattbane for line 5.

- helsing full 31-buss på natta
November 23, 2025 at 3:07 AM
Bokmeldarar som konstant kjem med krass kritikk av bøker som byggjer på same historie og univers… kan ein kalle dei for seriemordarar?
November 14, 2025 at 11:44 AM
Snakka på talarstolen på Senterungdomens landsmøte at vi må ta avstand frå ytre høgrebølgen. Ikkje noko grums i eigne rekkjer!

🍀
November 9, 2025 at 12:09 AM
Om ein ikkje skal gå i t-bane-tunnelar og jernbanetunnelar, kvifor ser dei så fristande ut å utforske?
November 6, 2025 at 7:11 PM
Barn når dei er mat: «Eg vil ha godteri og sjokolade!!!!!»
Vaksne folk når dei et godteri og sjokolade: «Eg vil seriøst ha ordentlig middag no.»
November 5, 2025 at 6:43 PM
@aasew.bsky.social korleis ser du på moglegheitene for å ha ein eigen objektsform av hankjønnspronomen på nynorsk? Som konsekvent brukar av “ham” på bokmål, kjennast det feil ut å bruke “han” på nynorsk. Blir liksom så tamt.
October 29, 2025 at 4:41 PM
Kom og hør på hornmusikk er ein real banger. Er du ueinig så er du dum.

Veit ikkje om han er omsett til nynorsk.
October 16, 2025 at 9:02 PM
Reposted by Earl Grey Blå Sky (hen/dei/they/etc)
Tenk at de som har laget dette har fått penger for det. Ekte lønn!

Wild!!
October 10, 2025 at 9:14 AM
Gratulerer med verdsdagen for psykisk helse!

Psykisk helse er utruleg viktig, men årets tema ser ut som noko til folk som allereie har ei god psykisk helse og ikkje for dei av oss som faktisk slit.
October 10, 2025 at 1:31 PM
Eg veit ikkje kven som vil høyre dette, men eg skjønner mindre og mindre av min eigne blødningar frå underlivet.

Det er sikkert heilt normalt.
October 7, 2025 at 3:52 PM
Kan eg kle meg ut som ytre høgre-politikar og banke på hjå Spetalen og be om pengar og late som om eg skal jobbe for skattelette for han, sjølv om min eigentlege plan er å bruke dei på meg sjølv og auke støtta mi til gode føremål?
October 1, 2025 at 9:34 PM
Eg: *skriv e-post*
Eg til meg sjølv: «Er denne setningen litt passiv-aggressiv?»
Meg til eg: «Eg veit ikkje 🤷🏼»

Eg: *legg til :) på slutten av e-posten*

:)
September 10, 2025 at 1:11 PM
I dag har eg røysta Senterpartiet, dratt heim, og no et eg biff og drikk øl.
September 5, 2025 at 6:57 PM
Rart å sjå innhald frå valkamp og kjenne igjen skuler ein har debattert på før.
August 29, 2025 at 10:51 PM
Eg har låst opp telefonen, eg har ei ny fane oppe på PCen. Eg er sikker på at det var noko eg skulle finne ut av.
August 18, 2025 at 11:00 AM
Eg veit ikkje om det er ekte eller om det berre er inne i hovudet mitt, men eg høyrer anten boring i det fjerne, trommevirvling som ikkje gir meinig, rar motordur eller noko. I alle fall gjer det at eg ikkje får sove.
August 16, 2025 at 1:18 AM
Eg trengjer eit forum for å dele forferdeleg notasjon (musikk). Altså, kva i helvete er det her for noko???

Songen det er snakk om er for ordens skuld the Count of Tuscany av Dream Theater.
August 15, 2025 at 6:00 PM
Eg er heilt sikker på at det hadde vore betre å la meg sove fram til lønsj, og berre jobba dei siste fire timane.

#vetomotjobbsosialtpåsundagar
August 11, 2025 at 11:32 AM