Erlend Friestad
@erlendfri.bsky.social
380 followers 400 following 1.4K posts
Siddis/jærbu som har landa på Hareid/Sunnmøre. Også kjend som Svane-Johnny.
Posts Media Videos Starter Packs
erlendfri.bsky.social
Her på Sunnmøre sit rømmegrauten litt lausare, og eg takkar aldri nei - særleg ikkje til tilbehøret.

Bortsett frå hardkokt egg. Eg gjentek - dei har finhakka, hardkokt egg på rømmegrauten her i nordvest.
erlendfri.bsky.social
Vaks opp i Stavanger med risgraut til laurdags og semulegrøt på lillelaurdag. Rømmegraut kom inn seinare - som ei openberring for ein spekematelskar.

(Framleis risgraut på laurdagar, men det er med kanel, sukker og smør - kanskje rosinar om eg er galen).
erlendfri.bsky.social
Eg gir dykk:
Bremsesporsteinskvetten
Beige fugl på stein. Ein isabellasteinskvett.
erlendfri.bsky.social
-> Altså. Fuglen heiter jo eigentleg bremsesporsteinskvett - elle kva med berre truseskvett?
erlendfri.bsky.social
-> Det hadde seg slik at dronning Isabella gav eit løfte at ho ikkje skulle skifte undertøy før Spania var fri frå maurerne. Det gjekk som det gjekk med undertøyet og fargen deretter - ein farge som fekk namnet etter dronninga og som isabellasteinskvetten har arva. ->
erlendfri.bsky.social
-> Isabella-koplinga til steinskvetten er fargen. Dronninga har nemleg fått oppattkalla ein farge etter seg: isabellinus - ein grågul-beige-aktig farge. Sånn omtrent fargen til isabellasteinskvetten. ->
erlendfri.bsky.social
Vi har hatt ein isabellasteinskvett i nabolaget nokre dagar. Ein sjeldan gjest, berre sett rundt 20 gonger i Noreg. Liknar på den ”norske” steinskvetten, berre bleikare.

Namnet skjemmer ingen, seiast det. ikkje her heller, eller?

Isabella er Isabella I av Castilla. Men så går det utforbakke. ->
erlendfri.bsky.social
Årleg forsyning av MRF-sveler på åremålsdag er passande premie for slikt - og noko eg ikkje hadde klart å stå imot. (Hadde det ikkje vore for at min betre halvdel gjerne tek fram takka om eg ber fint.)
erlendfri.bsky.social
Inger Lavik Opdahl er også ganske nære.
erlendfri.bsky.social
Ingen Anda-Lote i telefonkatalogen, men Anna Lote er tett på.
erlendfri.bsky.social
Budde på internat den gang. Var fast samlingspunkt.
erlendfri.bsky.social
Men var kaffien med mjølk?
erlendfri.bsky.social
Så skal vi heller ikkje kimse av dei gule varsla. Sjå berre på kartet. Eg har lagt på straumutfall i området til Linja vs farevarselet for vindkast. Det var mørkt (lenge) i mange heimar også der det var gult.
Kart med farevarsel frå Met med eit kartlag som viser straumutfall.
erlendfri.bsky.social
På medvitslaust forlag si nettside er KJ framleis center girl...

Dei gjer det ikkje lett for seg (og det er jo i grunnen bra)
Bokomslag til Anne Kalvig si bok Kjerringer mot Strømmen. 

På omslaget ser vi Kalvig sjølv, Jenny Klinge og midt i kollasjen sjølvaste Konspi-Kari.
erlendfri.bsky.social
And 49 weeks paid parental leave (or 59 if you accept 80% salary)
erlendfri.bsky.social
Oi! Med KJ ser eg no på coveret.
Var det i heile tatt nokon som trakk seg?
erlendfri.bsky.social
Veit at Met ser på å gjere om på særleg dei gule sidan det blir så mange av dei.

Det er uansett i hovudsak mediene som haussar opp berre det dukkar opp ein gul trekant.
erlendfri.bsky.social
Men dette varselet var jo ikkje akkurat slappe saker, må eg få lov å seie.
erlendfri.bsky.social
Ser dei varslar både regn og stiv kuling i sør.
Kart med farevarsel. Det oransje farvarselet er forma som ein fallos som omfevner sørlandskysten. Det raude varselet legg seg som hovudet på toppen.
erlendfri.bsky.social
Min namnebror Loe eller forlaget hans har sendt e-post til (alle?) norske kommunar med spørsmål om dei har kuk-konsulent. Kommunar som ikkje er heilt vakne puttar det i postlistene, lokalavisene går på limpinnnen og forlaget frydar seg.
Faksimile frå ein “tilfeldig” lokalavis med tittelen - kommunen har ingen kukkonsulent.
erlendfri.bsky.social
Hæ? Finst det riksmålsversjon? Her i distriktet heiter det Framsikt.
erlendfri.bsky.social
Sjå, pappa! Eg har solkrem!
Ein skvisa majonestube på benk.