Me må jobba litt med synkronisering av kalenderane våre. Eg skal snakka om boka mi på Nynorsk bokhandel 9. november, og på joleveitla til Vestmannalaget 4. desember.
Viss nokon slumpar til å vera på Voss dei neste månadene er det fritt fram for å koma innom for å sjå etter gratis bøker. Her er mange bøker om historie og språk, noko skjønnlitteratur, og mykje i kategorien lett blanding.