Morten
banner
kommunorten.bsky.social
Morten
@kommunorten.bsky.social
Høgskulelektor. Litteraturvitar, i gong med ein BA i filosofi.
Glad i bøker, kommunar og Magic: the Gathering.
Gjekk ned den brattaste bakken i Sogndal utan problem, men på flata inn mot den lokale ungdomsskulen sklei eg som berre helvete. Hadde eg trynt framfor ungdommane hadde eg hoppa i elva kort tid etterpå
November 26, 2025 at 9:42 AM
Opna Snapchat. Eg trur det snør i Bergen i dag
November 21, 2025 at 1:51 PM
Merkar eg blir motlaus når eg tenkjer på lesing, leseferdigheiter og leselyst. Kvifor kan ikkje alle vere like glad i lesing som meg?
November 13, 2025 at 10:01 AM
Alle på planeten døydde!
Spelte nett Dungeons and Dragons for første gong sidan eg var sånn 14. Stas
November 11, 2025 at 8:15 PM
NRK si anmelding av det nye Pokemonspelet er så dårleg at eg vurderer å skrive motsvar. Ikkje fordi eg er usamd i kritikken, men fordi det er eit dårleg stykke spelkritikk
November 11, 2025 at 2:13 PM
Eg er faktisk samd i at elevane burde lære meir om økonomi, men ikkje på dei premissa som alltid legg til grunn for debatten.
November 11, 2025 at 8:46 AM
Ny oppdatering på instagram
November 8, 2025 at 10:50 PM
Eg hadde yrkesrelevant jobb på sida av studiene. Det saug balle og gjekk ut over det faglege og det sosiale.
November 7, 2025 at 2:21 PM
Treng eksternsensor men sit med for mykje ærefrykt til å berre sende epostar rundt.
November 7, 2025 at 8:47 AM
Må sjå videoar frå "Gutta" grunna noko jobbgreier. Dette kjem til å påføre meg så mykje skade på hjernen at eg ikkje lenger kjem til å vere kvalifisert til å arbeide på høgskulen
November 4, 2025 at 8:44 AM
Nokre dagar tek eg meg i å tenke tankar som "Jurist? Det kunne sikkert eg blitt dersom eg fekk eit par månadar å setje meg inn i ting". Andre dagar trur eg at førarkort er heilt urealistisk for meg å få.
November 3, 2025 at 1:43 PM
Hannah er ikkje evig student. Hannah er 23 år og har akkurat fullført bachelor i økonomi og ledelse (🤢) og har no starta på eit årsstudium i logistikk. NRK må skjerpe seg
October 31, 2025 at 9:29 PM
Sjukt kor mange stipendiatutlysingar som bryr deg om KI og kor få som bryr seg om det sosiopolitiske landskapet i Lumiose City
October 31, 2025 at 10:24 AM
Det nye pokemonspelet opnar med at du treff ein person som treng hjelp til å spele inn ein reklamevideo, men før du rekk starte så blir du avbroten av ein informasjonsskjerm med meir reklame. I dette essayet skal eg...
October 29, 2025 at 8:32 AM
Praksisbesøk der absolutt alle er nøgde?? Då er det ein kjekk dag på jobb
October 27, 2025 at 11:50 AM
Pokemon Legends Z-A stiller det modige spørsmålet: Kva om Pokemon hadde button mashing?
October 24, 2025 at 8:17 AM
Pokemon gøy
October 22, 2025 at 5:15 PM
I dag har eg ein god dag på jobb. Hadde dette skjedd litt oftare kunne eg kanskje slått meg til ro med at dette er livet mitt dei neste 45-50 åra.
October 22, 2025 at 10:50 AM
Tenkjer på alt det flotte arbeidet eg kunne gjort på kontoret om eg ikkje hadde arbeidsoppgåver. Førti artiklar om Pokemon. Førti, seier eg deg
October 21, 2025 at 10:37 AM
Kollega: "Har du gjort X?"
Meg, som eigentleg har gløymt at eg skal gjere X: "Det er neste punkt på agendaen"

Funkar kvar gong
October 20, 2025 at 9:19 AM
Skal ikkje påstå at eg er nokon ekspert, men det er mange rare oppfatningar av kristendom ute og går.

Når me uansett er inne på å bruke kristendommen til eigne kjepphestar: Kortid skal det kome religiøs motstand mot generativ KI? Det er jo åpenbart ei gåve frå Satan til mennesket
October 17, 2025 at 11:04 AM
October 15, 2025 at 8:52 PM
Reposted by Morten
Knutsen og Ludvigsen som har ein lite kreativ kveld:
Ok, då har vi eit undervektig pinnsvin på badet
October 15, 2025 at 4:15 PM
Motlaus! på kontorlandskapet
October 15, 2025 at 12:17 PM
Jens sa verkeleg "Sylvi 2029"
October 15, 2025 at 11:36 AM