Nils Henrik
@nilshenrik.bsky.social
3.5K followers 1.5K following 28K posts
Bøker. Musikk. Fotball. Jæren. Popkulturguru med opprykk.
Posts Media Videos Starter Packs
Pinned
nilshenrik.bsky.social
Kvifor leve i "nuet" når du kan leve i Millenniumsæraen!
nilshenrik.bsky.social
Ja, dette er komplett. Her er brukarrettleiinga til korleis Du med stor D skal få komplettert samlinga Di.
nilshenrik.bsky.social
Mange trur at kong Herodes fekk døyparen Johannes halshogd fordi ei dame bad om det, men sanninga er at han, døyparen altså, hadde fått eit lukrativt proff-tilbod frå ein egyptisk klubb, og kongen ville hindre si største stjerne i å dra for ein kvar pris.
nilshenrik.bsky.social
Vaksenleiarane på LUDVIK er dei utan samanlikning verste sadistane eg har vore utsett for nokon gong 😡
nilshenrik.bsky.social
Det finst no noko som heiter Leder i Vekst Basic, som impliserer eksistensen av Leder i Vekst Ultra Plus.
nilshenrik.bsky.social
Eg gjekk på noko som heitte LIV (Leder I Vekst) i regi av KFUK-KFUM. Då var me på noko som vart kalla LUDVIK som eg har gløymt kva stod for, men som var sånn kvasi-overlevingsleir i villmarka (gå heile natta utan kart og kompass, éin kald fiskebolleboks på deling etc).
nilshenrik.bsky.social
Lær
Ungdom
Frimodig
Tro

eller noko i den stilen?
nilshenrik.bsky.social
Ja ja, klart!

Merk at Holberg og Bergsjø har forstått leiaren sin rolle. Ikkje blande seg i sjølve leiken, men stille med bollar og kakao etterpå!
nilshenrik.bsky.social
No har eg lese både at Machado er ein x-tremt modig aktivist og at prisen er eit sterkt og viktig handslag til demokratiet, og at ho er ein grufull høgreekstremist, ondare enn Belsebub, og at nobelkomiteen berre har gitt henne prisen for at Trump ikkje skal kunne kjefte på dei. Særs forvirrande.
nilshenrik.bsky.social
Nei. Kristen vass-polo høyrest ut som ein meir erotisk versjon av kristen innebandy!
nilshenrik.bsky.social
Dette er oppsiktsvekkande!

Dei eldste omtalane av Blitz-leiken eg finn hjå NB er frå midten av nittitalet. Her frå MILK (MIniLederKurs for fjorårskonfirmanter ved Anne Kjersti Bakke Holberg og Marianne Bergsjø, IKO-forlaget, Oslo 1995).
nilshenrik.bsky.social
Det var ein del av dette. Eg hugsar t.d. at det var veldig populært med "massasje", som jo kunne rettferdiggjerast i eit slags folkehelseperspektiv, men som i realiteten openbert berre var ei orsaking for å ta på kvarandre.
nilshenrik.bsky.social
Eg trur både sjølve Haraldvigen leirskule og undervisningsopplegget der var sekulære/t. Claus Eftevaag (IK Start) og hans mindre talentfulle bror jobba der. Dei likte å kaste fiskeslo på jentene.

Men på den andre sida er jo fisk ganske kristelegt (menneskefiskarar osb).
nilshenrik.bsky.social
(Veit ikkje kvifor eg vedla skjermdumpen to gonger, b-klagar det)
nilshenrik.bsky.social
Detta er vilt, Arne! Her* står det leiarane (altså vaksne) skal vere med i Blitz-leiken, noko eg mos def og heldigvis aldri har opplevd.

(*Karin Sasaoka: Opplevelse: En prosessevaluering av Juventes FRISTIL-Modul (NOVA 2005).)
nilshenrik.bsky.social
Akkurat dette med Blitz-leikens sterke posisjon i kristne miljø burde det forskast litt på, føler eg. Ligg minst éi doktoravhandling på lur i den materien.
nilshenrik.bsky.social
Ja, eg tenkte på dette floffet med ein gong eg såg det
periferien.bsky.social
En ting som har irritert meg i over 35 år nå er kristne organisasjoners hang til å gi ting engelske navn for å være kule & in with the kidz

Det kan feks ikke hete Heia Barnekor, det må være Heia Gospel Kids
Og Ungdomsklubben Fila Teens! Gjerdrum Sings!
nilshenrik.bsky.social
Eg trur ikkje eigentleg det er nokon forskjell på kristen og verdsleg slush (i motsetting til andre ting som heilt openbert er kristne, som kristen-is, kristen hamburger, kristent bass-spel etc).
nilshenrik.bsky.social
Merkeleg å sjå ordet i denne konteksten. Eg forheld meg vanlegvis berre til det når eg skal planleggje sosiale ting som involverer min fråskilde kamerat T., som _ikkje_ kan i partalsveker for då har han ungane.
nilshenrik.bsky.social
Nei, det var Bryne kyrkje, men det viser seg at Lura kirke òg har det! Det går tydelegvis ein slush-farsott gjennom kristen-Noreg!

(Ja, ungdomsklubben i Lura kirke heiter diverre Relation (🙄). Me beklagar.)
nilshenrik.bsky.social
Det er 'e, Arne!

(Men heldigvis ligg både Lura turistheim og Lura kirke berre eit steinkast* frå Knoksen, så det er både kroppsleg og andeleg føde å få like ved.)

(*Ca 5-6 minutt med bil.)
nilshenrik.bsky.social
Åja, Franz Joseph Otto Robert Maria Anton Karl Max Heinrich Sixtus Xaver Felix Renatus Ludwig Gaetan Pius Ignatius Habsburg, for å bruke hans fulle namn.
nilshenrik.bsky.social
Det kan eg merkeleg nok ikkje hugse, og det er nok den type ting eg ville ha hugsa viss det hadde skjedd.
nilshenrik.bsky.social
*Bøkene er temmeleg u-subtile når det gjeld etniske stereotypiar (det _myldrar_ av "svartsmuskede" kriminelle), men eg antar ein har prøvd å dempe dette i nyare utgjevingar.
nilshenrik.bsky.social
Sånne ting sit veldig godt! Eg kan òg gjere greie for resten av omgangskrinsen til Hardy-gutane: Det er Biff Hooper som er stjerne på football-laget, Tony Prito som er av italiensk ætt og har båt, og Phil Cohen som er jødisk og følgjeleg fysisk svak, men til gjengjeld svært intelligent*.