Olaf Moriarty Solstrand
olafmoriarty.no
Olaf Moriarty Solstrand
@olafmoriarty.no
Han/honom, 43, Bærum.

Bibliotekar, tidlegare teikneserieskapar. Liker å lage ting. Iallfall å prøve.

Spela mine: https://olafmoriarty.itch.io
Alt anna eg driver med: https://olafmoriarty.com
January 10, 2026 at 12:31 PM
Teknologinettstad prøv å skrive om sexleiketøy utan å barrikadere seg bak flaue eufemismer challenge

(www.tek.no/nyheter/snik...)
January 10, 2026 at 12:01 PM
(Sorry)
January 7, 2026 at 2:00 PM
"[Dagbladet] har også mye kvalitetsjournalistikk"

Eg aner faktisk ikkje korleis kvaliteten på journalistikken til Dagbladet er no, for den er skjult bak ei begredelig forside der det er umogleg å vite kva sakene handler om, difor klikker eg ikkje på dei, og difor leser eg heller ikkje db lenger.
January 7, 2026 at 8:20 AM
January 5, 2026 at 4:10 PM
Dommedag er forøvrig 13. november. Då har nemlig forskarar rekna seg fram til at befolkningsveksten har vore så eksplosiv at "menneskeheten automatisk vil utslette seg selv".

(Utklipp frå Telen 14.11.60: www.nb.no/items/025a4c...
Eksakt dato frå Finnmarksposten 27.4.61: www.nb.no/items/72a855... )
January 1, 2026 at 9:55 PM
I 1926 spekulerte folk i korleis ekteskapet ville sjå ut om hundre år, og mykje av dette følast veldig spot on. (Dette utklippet er frå Hedemarkens Amtstidende 15.09.1926, men den same artikkelen stod i ei rekke aviser andre stadar i landet òg.) www.nb.no/items/b0f8bc...
January 1, 2026 at 9:55 PM
Men altså...

Du er jo sannsynlegvis smart nok til at du SKJØNNER at dette er eit utdrag frå ei setning som nyttar perfektum

Og om du mot formodning ikkje skjønner det, kan du skrolle fire linjer ned og lese heile sitatet for å fjerne all tvil

Kva er vitsen her
December 27, 2025 at 11:59 PM
Det mest deprimerende med denne notisen er at det tydelegvis er "mye trafikk og mennesker til stede" på Gardermoen klokka 02.30 natt til andre juledag. Det er eit av dei tidspunkta eg gjekk ut frå at all flytrafikk hadde tatt ferie og alle potensielle passasjerar lå heime og sov.
December 26, 2025 at 9:39 AM
Stopp pressen, er det denne?

Isåfall står det at den er vist i Norge Rundt 27.12.1985
December 25, 2025 at 3:50 PM
Herregud, Jul i Svingen har ein figur som heiter Arne Olav, som ikkje eigentleg har nokon annan personlegdom enn å vera ektefellen til ho som styrer og orger alt som skjer i bygda, og når Marvin spør 23.12. korleis det går med han svarer han berre "Fortsatt gift med Vera"

Dette MÅ vera intensjonelt
December 25, 2025 at 1:25 PM
Eg hugsar litt for lite av den filmen, men figuren heiter Bron-Char
December 24, 2025 at 10:57 AM
Skal ikkje late som om eg veit noko som helst om kor mykje ansvar ein rektor har og kor tung den jobben er og heller aldri tenkt over kva ei rektorlønn burde ligge på, men eg må innrømme at då eg leste denne overskrifta forventa eg ikkje at sitatet kom frå ein person med millionlønn
December 22, 2025 at 7:43 PM
Når du sender post til ein pensjonist
December 22, 2025 at 5:02 PM
Her er samanlikninga når ein legger dei oppå kvarandre på thetruesize.com
December 22, 2025 at 8:00 AM
Kjære NRK.no:
Grønland er 2,1 millioner kvadratkilometer.
USA er 9,8 millioner kvadratkilometer.
I ei sak som handlar om USA og Grønland burde de *kanskje* ha vald ein annan kartprojeksjonsmodell enn denne.
December 22, 2025 at 7:07 AM
December 19, 2025 at 2:04 PM
Herregud, eg trenger å lese meir Hundemannen

Når eg har bladd i desse bøkene tidlegare har det vore overfladisk, og eg har fnist av den absurdistiske humoren

Men bøkene inneheld òg scener som DETTE!?

Ja, eg veit at sitatet er Mr. Rogers, men læll, denne serien har ingen rett til å vera så BRUTAL
December 18, 2025 at 10:34 AM
*noterer*
December 14, 2025 at 10:44 AM
KI-samandrag av youtubekommentarar er heilt føkkings ubrukeleg
December 13, 2025 at 11:46 AM
Eg hater at eg ikkje lenger kan sjå ein skrivefeil på eit foto av ein demonstrasjonsplakat utan at hjernen min tenker "KI-generert"
December 12, 2025 at 10:03 AM
Eg hater at eg ikkje lenger kan sjå ein skrivefeil på eit foto av ein demonstrasjonsplakat utan at hjernen min tenker "KI-generert"
December 11, 2025 at 9:07 PM
Herregud for ein komplett illustrasjon av kor teit clickbait er. "Én nei-gave går igjen" - åh? Så det er ein ting alle avisa har prata med synest er ein dårleg gåve? Kanskje eg må lese for å finne ut kva det e...

Brukt undertøy.

BRUKT. UNDERTØY.

DET er gaven eg oppfordrast til å styre unna.

TAKK
December 8, 2025 at 6:48 AM
Norske mediehuss dekning av Donald Trumps presidentskap i eit nøtteskal
December 5, 2025 at 11:32 PM
Det blir stadig vanskelegare å akseptere at verda rundt oss faktisk eksisterer og at det er ekte menneske som finner på å skrive sånt som dette
November 29, 2025 at 7:34 PM