Erik Schreiner Evans🌻
banner
schrevans.bsky.social
Erik Schreiner Evans🌻
@schrevans.bsky.social
Русский оккупант лучшее удобрение
#RussiaIsATerroristState
Russland må nedkjempast.
Send meir våpen.
IntOps-veteran
Sjukepleiar
Cishet han
Det er eit godt poeng.
Kanskje bli med som medlem av ein komite?
February 6, 2026 at 7:29 PM
Eg har møtt dama. Ho er eit gjennomført hespetre. Og heilt riktig person til jobben.
February 6, 2026 at 6:31 PM
Min militære karriere starta i 1998. Før det dreiv eg mykje med idrett, men hadde aldri vore frivillig innom eit treningsstudio. Eg kjente ingen som gjorde det utan som del av organisert idrett.

Tidleg på 2000-talet starta mor mi på spinning på Elixia.

Noko skjedde rett rundt århundreskiftet.
February 6, 2026 at 10:02 AM
Bada bom!
February 5, 2026 at 12:54 PM
Men me fekk altså levert fire bilar i Pavlohrad til heltane som forsvarer oss alle.

Og dei treng mange fleire slike bilar. Omlag 4000 pr månad.

@slavaukraininorway.bsky.social har eit budsjett på 50.000 NOK per bil.

Eg blir veldig takksam om du vil hjelpa meg nå 50.000 på spleis.no/bil
Bil til Ukraina
Innsamla midler går til kjøp av bil, omregistrering, profilering, diesel og ferje, for å få bilen fram til Ukraina. Ingen penger går til sjåførar eller administrasjon.
spleis.no
February 5, 2026 at 12:44 PM
Eg har alltid vore stolt over å vera norsk. Men dette...
Eg får lyst til å brøla vår seindrektige statsminister opp i andletet at han har sikra seg plass i historia saman med sin partifelle Johan Nygaardsvold.
February 5, 2026 at 12:38 PM
Sverige sender ein ekstra milliard. DSB samlar inn aggregat.

Men framleis er det frys i amerikansk støtte.
Framleis inga massiv auke i europeisk støtte.
Framleis meiner Noreg at vårt 13-sifra(!) overskot frå denne krigen tilhøyrer Oljefondet og nøyer oss med å senda nokre få prosentar.
February 5, 2026 at 12:33 PM
Det er ein heilt ekstrem strategi og eit heilt openbart massivt krigsbrotsverk som verda lar dei sleppa unna med.

Her om dagen døydde ei eldre jødisk kvinne. Ho overlevde nazi-Tyskland sitt Holocaust, men fraus i hel av Putin-Russland.
February 5, 2026 at 12:29 PM
Likevel kom eg meg til slutt ut av min manflu ved å ta toget til Polen og fly heim.

Folk flest i Kyiv vart verande. Inkludert barn, eldre, kronisk sjuke.

Korleis går det an for eit heilt samfunn å eksistera utan varme over tid?

Strategien til russarane er å frysa ukrainarane til overgjeving.
February 5, 2026 at 12:26 PM
Eg vart forkjøla. Sjikkeli fosjøla. Det er kjip å ha feberfrysningar uansett. Feberfrysningar utan ei varm seng å leggja seg i er... mykje verre. Kroppen treng varme for å fungera. Særleg ved sjukdom. Å ikkje finna nokon varm stad å leggja meg ned var eit nytt nivå av ukomfort for min del.
February 5, 2026 at 12:23 PM