Sølve Rydland
@solveryd.bsky.social
1.2K followers 720 following 370 posts
Politisk redaktør i Bergensavisen (BA).
Posts Media Videos Starter Packs
solveryd.bsky.social
Ikkje for noko som helst anna heller, for så vidt.
solveryd.bsky.social
Enormt merkeleg å endra til ein ekstremt risikabel spelestil før ein bortekamp mot eit godt lag i Europa, når dei knapt har slept inn mål til no i sesongen…
solveryd.bsky.social
Kan nokon fortelja Smerud at Signe Gaupset må lenger fram i bana? Relasjonen mellom Davidson og Gaupset er heilt borte.
solveryd.bsky.social
Det var ufortent. No er det berre idiotisk…
solveryd.bsky.social
Det er ufortjent. Men måten Brann spelar på er ikkje foreineleg med å gjera dumme feil. God omgang, men må klara å setta Gaupset opp i fleire skåringssituasjonar.
solveryd.bsky.social
Sist var det Terland, no var det Hasund. Berre tidlegare lagkameratar som skårar mot Brann.
solveryd.bsky.social
Hammarby sitt trommeri 🥁🪘er det mest irriterande sidan VM i vuvuzela.
solveryd.bsky.social
Brann-damene har fått den tøffast moglege trekninga til europaspel i haust. Etter å ha slått sterke Inter og Braga vart Man United for sterke. I kveld møtest kanskje dei to aller beste laga i nivå-to-turneringa Europa cup. Følg Brann - Hammarby på BA.no. Vinnaren kan fort gå heile vegen.
Følg europakvaliken: Hammarby - Brann
www.ba.no
solveryd.bsky.social
Brann har vore verkeleg dårlege. Men Hobber Nilsen har ein gjennomført blåe dag i tillegg.
solveryd.bsky.social
Samtidig bryr bergensarar seg ekstremt lite om Oslo som by. Det eventuelle mindreverdighetskomplekset må i såfall vera retta mot den norske sentralmakta.
solveryd.bsky.social
Relasjonen Bergen-Oslo er annleis enn relasjonen Århus-København og Göteborg - Stokholm. Fordi den bergenske mentaliteten bygger på at Bergen var størst, og framleis er det på eit eller anna opplevd nivå.
solveryd.bsky.social
Men han går heller, som regel, ikkje med på at det er snakk om eit enkelt mindreverdigheitskompleks, men meir ei oppleving av å verta utsett for ein historisk urett.
solveryd.bsky.social
Bra forsøk. Som stril har eg langt betre kontroll på kompleksa til bergensarane enn som så. «Mindreverdigheitskompleks» er ein ganske upresis definisjon på relasjonen Bergen har til hovudstaden. Bergensarane sin psyke minnar meir om ei meirverdighetskompleks. Ikkje at det treng å vera så sympatisk.
solveryd.bsky.social
Hmm. Forslag til oppfølgingssak i Stavanger menighetsblad:

Slik snakker du med 12-åringen om mindreverdighetskompleksene.
solveryd.bsky.social
Off. No vart det mykje tull. Eg trekker heller tilbake alt eg har sagt i dag, og startar med blanke ark.
solveryd.bsky.social
Basert på gammalt system ville Brann ha tent 5.500 poeng, medan Bodø hadde tent 3.000. Då fekk ein ikkje bonus før avansement. Basert på nytt system har Brann altså tent 4.000 poeng, medan Bodø har tent 10.000. Skal aldri kritisera nokon igjen.
solveryd.bsky.social
Beklager. Då var det eg som ikkje har peiling. Sånn kan det gå. Eg har nok sett på ein forelda utrekningsmodell.
solveryd.bsky.social
Brann, Lyn, liten kuling og ekstremvarsel. Og Karoline Haugland? Det kan fort verta mykje action på Stadion i kveld.
solveryd.bsky.social
Presisering: Til no i sesongen.
solveryd.bsky.social
Hadde eigentleg vore lurt å ha litt peiling på det han faktisk skriv om òg. Til no i år har Brann sanka langt fleire koeffisient-poeng enn Glimt. Det er heller ingenting som tyder på at Salzburg, Utrecht og Lille er særleg mykje svakare motstand enn Sturm Graz, Salvia Praha og Tottenham.
solveryd.bsky.social
Så Bodø heiar ikkje koeffisienten???
solveryd.bsky.social
Er det nokon som har oversikt over korleis andre norske byar har tenkt å handtera hordane av koeffisient-entusiastar som skal ut på pub for å heia på koeffisienten i kveld?
solveryd.bsky.social
Den nye strategien til Bergen er ei endelaus oppramsing av sjølvsagde formuleringar, men totalt blotta for ambisjonar, retning, eller politiske føringar. Likevel har den nye samfunnsplanen èin klar visjon: Å erstatta den ambisiøse strategien den førre byrådsleiaren frå Høgre laga for ti år sidan.
Meyer med knockout på ambisjonane til forgjengaren
Den nye strategien til Bergen er ei endelaus oppramsing av sjølvsagde formuleringar, men totalt blotta for ambisjonar, retning, eller politiske føringar.
www.ba.no
solveryd.bsky.social
Sjekka om det er noko i Lille Øvregaten? Eller Lille Markeveien? Er ikkje så godt kjend.