V-🐻
vebjorn.bsky.social
V-🐻
@vebjorn.bsky.social
Målmann av legning, flisespikkar av utdanning. Midtstoggar i festleg lag. Ja til væpning av Språkrådet. Signe ballen.

📍 Sogn og Fjordane
Føretrekkjer du Jektavik–Nordhuglo–Hodnanes i staden?
December 12, 2025 at 10:36 AM
Solund vert brått eit mykje meir truverdig namn når du tenkjer på at reisevegen ut dit går via ferjesambandet Rysjedalsvika–Rutledal–Krakhella. Det er då altso Krakhella som ligg i Solund.
December 11, 2025 at 11:44 PM
Reposted by V-🐻
Navn på russebuss: Tindrande Ljos.
December 10, 2025 at 8:55 AM
På den fjortande dagen fann Gud opp grauten, og då hadde han sjølvsagt rikeleg med kanel på fyrst, deretter eit lag sukker. Då ein djevelsk hærskare kom flygande og byrja remja om smørauge, sa Han:

– Smør på grauten er for ungar.

Slik lyder Herrens ord.
December 9, 2025 at 6:31 PM
Og før noko kjem drassande med «kvalifikasjonane er viktigare enn geografien»-vaset som somme alt er i full gang med:

Perspektiv er ein kvalifikasjon. Erfaring er ein kvalifikasjon. Forankring er ein kvalifikasjon.

Det har noko å seia kvar politikarar kjem frå.
December 8, 2025 at 6:33 PM
Eg synest elles det er fascinerande svakt prestert å ha sete med regjeringsmakt og dimed eit utal regjeringsapparatstillingar i åtte av dei tolv siste åra og likevel ikkje greia å dyrka fram noko som liknar på ein rural nestleiarkandidat.
December 8, 2025 at 6:30 PM
Og når eg fyrst er i gang: Bergensaren dei har hatt oppe til vurdering, ville naturlegvis ha gjeve ein betre geografisk balanse, men nokon distriktskandidat er han altso ikkje. Bergen er, til orientering, ein by – jamvel ein ganske stor ein i norsk målestokk.
December 8, 2025 at 6:28 PM
Det forstår seg. Eg kan elles fortelja at eg for nokre veker sidan observerte den gamle lagsfana til BUL Gaa Paa under ein farsdagskafé på grendahuset. Der stod slagordet «Med hat og hogg mot ingen // vi slær om Noreg ringen», og det har eg tenkt på nesten urimeleg ofte sidan.
December 6, 2025 at 11:34 AM
*tilbyr
December 6, 2025 at 10:27 AM
Eg har framleis vondt for å tru at han kan vera betre enn medaljevinnaren de har på benken, men då har de i alle høve god dekning. 👏
December 6, 2025 at 12:03 AM
❤️
December 5, 2025 at 11:54 PM
(Kvifor får han ikkje spela, forresten? Er Hedvall SO god? Storevik sette i alle fall knapt eit bein feil dei kampane han stod for oss i fjor.)
December 5, 2025 at 11:05 PM
De har ein ganske likande reservekeeper sjølve òg. Lat meg nytta høvet til å takka for lånet eit år på etterskot. 🙏🥉
December 5, 2025 at 11:01 PM
Han fekk skyta i fred, men eg skal anerkjenna skotet likevel. Slikt må jo til om ein skal overlista den vordande VM-burvaktaren Arild 'Veggen' Østbø.
December 5, 2025 at 10:42 PM
Spoiler: Det vart 5–1, banestorming og full fest på opptaket òg. 💙
December 5, 2025 at 9:44 PM
Det var litt det som var poenget. (I tillegg til å gje meg sjølv ein grunn til å sjå klippa frå kampen ein gong til.😇)
December 5, 2025 at 10:24 AM