vidarvadseth.bsky.social
@vidarvadseth.bsky.social
Ja, me må få ting på stell.
March 5, 2025 at 11:34 AM
VAR blir berre ein piss i havet i høve å gjera fotballen meir rettvis. Viss nokon snart ikkje set ein stoppar for pengegaloppen, so er fotballen på høgt nivå daud for meg. Men her i Norge kan me gjera ting anleis, viss Forbundstinget vil.
February 8, 2025 at 7:21 PM
Og overraskelsesmomentet med ein mindre god hoppar so får god vind i begge omgangar er fullstendig borte. Samstundes so blir det sagt at verdscupen alltid har rett vinnar uansett, so dei har ofra ganske mykje for at det skal bli mest mogleg rettvist. Kva er vel idrett utan publikum?
February 8, 2025 at 7:21 PM
Ta ein idrett der eg føler at teknologien øydelagde idretten. Eg har alltid vore stor fan av skihopp, sjølv om eg faktisk aldri har vore på ein einaste konkurranse i heile mitt liv. Men med nye reglar om vind og avsatsar og pluss/minus poeng, so er det vanskeleg for publikum i bakken og følgja med.
February 8, 2025 at 7:21 PM
Hahahahaha, største vitsen i fotballverda. Hadde dei meint alvor, so hadde dei kunne fiksa dette problemet lett viss det hadde vore noko so helst vilje til å gjera fotballen rettferdig.
February 8, 2025 at 7:21 PM
Og so er de opptekne av at fotball skal vere so rettvis so mogleg? Trur de at VAR kjem til å tette dette gapet? Trur de at norske klubbar kjem til å koma nærare toppen av Europa med VAR? Kvifor tek ikkje NFF tak i dette? Kvifor tek ikkje NTF tak i dette? Eller UEFA? Eller FIFA? FIFA Fair Play?
February 8, 2025 at 7:21 PM
For å dra det litt lengre har Liverpool FC $170.100.000 i lønsutgifter kvart år, mens Man.City har $320.750.000 på sine lønsutbetalingar. Bodø/Glimt, so er lønsadelen i norsk fotball, hadde $9.600.000. I norske kroner so hadde då Man.City 3.607.796.000 i lønsutgifter mot Bodø/Glimt sine 107.000.000.
February 8, 2025 at 7:21 PM
Erling Braut Håland sin siste kontrakt kostar Man.City $34.250.000 i året. 350.000.000 kvart år dei dei neste 10 åra. 3,5 milliardar. Då skjønar ein at dette her har gått fullstendig ut av alle proposjonar.
February 8, 2025 at 7:21 PM
I Champions League har vinnaren komen frå eitt av desse landa dei siste 14 åra. VAR kjem nok til å fiksa dette, for no blir fotballen rettferdig.
February 8, 2025 at 7:21 PM
Til samanlikning so har me i Europa dei 3 største ligaane, England, Tyskland og Spania. I Premier League 5 forskjellige vinnarar dei siste 20 åra. I Bundesliga 5 vinnarar dei siste 20 åra og i La Liga 3 vinnarar dei siste 20 åra. Kvifor giddar dei andre klubbane og vera med?
February 8, 2025 at 7:21 PM
Dei har også andre begrensingar so skal utjamna konkurransefortrinn so kjem dei mindre klubbane til gode.
I NHL har me hatt 13 forskjellige vinnarar dei siste 20 åra. I NFL har me hatt 13 forskjellige vinnarar dei siste 20 åra.
I NBA har det vore 8 forskjellige vinnarar dei siste 20 åra.
February 8, 2025 at 7:21 PM
I USA, ikkje det at eg er stor supportar av det landet, har dei gjort nokre grep med dei mest populære idrettane. I NHL f.eks. so er lønstaket for 2024-25 sesongen $88.000.000 for kvar klubb. I NFL er lønstaket $255.500.000 denne sesongen. NBA $140.500.000.
February 8, 2025 at 7:21 PM
1 spelar kan maksimalt spela for 2 klubbar i eit kalenderår. Kva er det slags begrensing? FIFA Fair Play er berre eit flott skriv so menn i dress kan gøyma seg bak.
February 8, 2025 at 7:21 PM
Kvar er kritikken mot dette? Kvifor snakkar ikkje dei so er for VAR om dette? FIFA, UEFA og NFF er same ulla. Pengane styrer alt.
Kvifor er det ikkje innført lønstak i fotballen? Kvifor er det ikkje innført overgangstak i fotballen? Og kvifor sleikar me i Noreg UEFA og FIFA oppetter ryggen?
February 8, 2025 at 7:21 PM
Det er viktigare for folk at det blir mest mogleg, kanskje 100%, korrekte avgjerdsler, enn sjølve kampen og korleis fotball har blitt verdas største idrett.
Fotball kan aldri bli rettferdig slik fotballmodellen er i dag. Dei so har mest pengar kjem til å vinna uansett.
February 8, 2025 at 7:21 PM