Per Gunnar Sætre
banner
bandanders.bsky.social
Per Gunnar Sætre
@bandanders.bsky.social
Ingen ting kan vekse uendeleg i ei endeleg verd. Om du overtyder meg om at du spør i god tru, svarer eg gjerne.
Det vil eg tru. Trespilene rundt det som dannar inngangsholet er i alle fall montert som ei trakt. Man tar det man haver.
December 14, 2025 at 9:27 AM
Ja, og her er det berre sprengfloda som ryddar med ujamne mellomrom😉
December 14, 2025 at 9:14 AM
Ja, for meg ser det ut som at det som ikkje er høgteknologisk med kommersielt potensiale for leverandørar, har lett for å falle gjennom når det skal prioriterast.
December 13, 2025 at 11:51 AM
Flasjbakk til Larry Norman ;)

www.youtube.com/watch?v=_J9b...
Larry Norman - Born To Be Unlucky - [Lyrics]
YouTube video by Larry Norman
www.youtube.com
December 12, 2025 at 10:15 AM
Det går an å ha risgraut i vaffelrøre. Det er faktisk godt. Men det vert uhorvelege mengder med vaflar om du har 4 kilo graut, då.
December 11, 2025 at 11:54 AM
Ikkje eg heller, men har tenkt å sjå han.
December 10, 2025 at 3:26 PM
Har sett lite film eg òg. Men ved eit tilfelle såg eg Sammen med ein ung Odin Waage her eine kvelden. Har du sett den?
December 10, 2025 at 3:13 PM
Ei god byrjing då :)

Litt kuriosa? Ein kWh tilsvarer 1kW i 3600 sekund som vert det same som 3600 kJ som er det same som brennverdien i ca. 200g tørr bjørkeved som er det same som energimengda som held eit menneske i gang i 12 timar – noko som tilsvarer 2,67 fotballbaner 😉
December 9, 2025 at 12:43 PM
Eg får det heller ikkje til å gå opp. Og det burde ingen andre heller.

Lat oss seie at eit kjøleskap brukar 250 W når kompressoren går og ei typisk kokeplate brukar 1500 W (og om heile koketoppen er på, kanskje 7000W)

Så siste setninga der kan kokast ned til 250=1500
December 9, 2025 at 12:17 PM
Når det gjeld elektrisk energi, nyttar ein då gjerne eininga kWh. Når ein brukar 2000 Watt i ein heil time, har ein brukt 2 kWh. Slår ein av etter ein halv time, har ein brukt 1 kWh.

Når ein kallar seg Teksiden, burde ein kunne såpass grunnleggande naturfag.
December 9, 2025 at 9:44 AM
Ja, eg stiller meg same spørsmåla som deg, men som elektrolærar, lyt eg først gripe tak i setninga
"Den bruker vanligvis mellom 2000 og 3000 Watt i timen".
Dette er ei heilt meiningslaus setning. Watt er eining for effekt, her og no, men det ein betaler for er energi, effekt over tid.
December 9, 2025 at 9:44 AM